133 kommunar vil ikkje ha eige politikontor
Regjeringa har investert politisk kapital i å reversere politireforma. Men berre 32 kommunar ønskjer å få att sitt gamle politikontor.
Då nærpolitireforma vart innført i 2015, var det 122 kontor som stengde dørene. I ein høyringsrunde som regjeringa har initiert, svarer 133 kommunar at dei ikkje vil ha eige politikontor. Berre 32 kommunar svarer at dei ønskjer sitt eige politikontor.