Beatles til topps på listene
Den seinaste utgivinga frå legendariske The Beatles, songen «Now and Then», har vorte den første singelen til bandet til å toppe ei britisk hitliste på 54 år.
– Det er sjokkerande. Eg er heilt overvelda. Det er også ein veldig kjensleladd augneblink for meg. Eg elskar det!, seier Beatles-medlem Paul McCartney om bragda til Official Charts.
Fredag vart det klart at «Now and Then» har klatra til førsteplassen på singeltopplista etter utgivinga førre veke. Det er første gong sidan «The Ballad of John and Yoko» i 1969 at bandet tek topplasseringa.
Med det har Liverpool-bandet også slått rekorden for det lengste tidsrommet mellom to topplasseringar. Til saman har bandet toppa singellista 18 gonger.
«Now and Then» er skriven og sungen av avdøde John Lennon.
Songen har sidan vorte vidareutvikla av McCartney, Ringo Starr og George Harrison og er no ferdigstilt av dei to førstnemnde.
Kunstig intelligens har bidrege til å isolere Lennons vokal frå ein kassett med opptaket av songen.
(NTB)