Røde Kors ber om tryggleik i Gaza
Den internasjonale Røde Kors-komiteen ber i kveld innstendig om respekt og tryggleik for medisinske fasilitetar, pasientar og helsearbeidarar i Gaza.
– Vern av helsearbeidarar og strukturar er ikkje berre ei juridisk forplikting, men også moralsk heilt nødvendig for å ta vare på menneskeliv i desse mørke tidene, seier generalsekretær i Røde Kors, Anne Berg.
Al Shifa Medical Complex, det største sjukehuset på Gazastripa, er no overfylt av pasientar.
Tusenvis av fordrivne familiar som mista heimane sine den siste månaden har søkt tilflukt rundt sjukehuset.
– Alle militære operasjonar rundt sjukehus må vurdere nærværet av sivile, som er beskytta under internasjonal humanitær rett, understrekar Røde Kors-komiteen.
Verdshelseorganisasjonen (WHO) opplyser at 20 av 36 sjukehus på Gaza er øydelagde eller har måtte stengje.