Netanyahu vil sparke Shin Bet-sjefen
Israels statsminister Benjamin Netanyahu vil legge fram eit forslag for regjeringa om å sparke sjefen for den israelske tryggingstenesta Shin Bet, Ronen Bar, skriv kontoret til statsministeren i ei pressemelding.
I ein rapport som nyleg blei lagt fram, tok Shin Bet ansvar for feil som gjorde det mogeleg for Hamas og andre palestinske grupper å gjennomføre angrepet mot Israel 7. oktober 2023, som utløyste Gaza-krigen.
Samtidig kritiserte Shin Bet politikken til regjeringa, som dei meiner gjorde det mogeleg for Hamas å gjennomføre angrepet.