Astronautane som var faste i rommet er kome tilbake til jorda
Butch Wilmore og Suni Williams kom til den internasjonale romstasjonen 5. juni i fjor. Dei skulle eigentleg berre vere der ei veke, men grunna problem med romkapselen måtte dei bli verande.
No har dei kome tilbake på land i ein Space X-romkapsel. Dei landa i vatnet i Florida.