Dømt til åtte år i fengsel for drapsforsøk på framand kvinne i 70-åra
I august i fjor sat ei kvinne i ein stol og sov da ho vakna av at ei framand kvinne gjekk til angrep med kniv og sa «eg skal drepe deg».
No er kvinna som gjekk til angrep dømt til åtte år i fengsel og til å betale 350.000 kronar i oppreisningserstatning.
«Angrepet hadde ingen foranledning, og fremstår som svært brutalt.», skriv retten.
Kvinna som no er dømt til fengselsstraff, var rusa da ho tok seg inn i den fornærma kvinna si leilegheit og gjekk til angrep.
I retten erkjente den tiltalte kvinna å ha gått til angrep, men nekta straffskuld og meinte ho ikkje var tilrekneleg.
Ho meinte det var nokon andre som stakk ei sprøyte med rusmiddel inn i halsen hennar i forkant av at ho gjekk til angrep.
Det er ikkje tingretten einig i.
Retten har kome fram til at den tiltalte kvinna sjølv var skyld i rusen og at rusen var frivillig og sjølvforskyldt.