Eide: Har lenge ønskt auka Nato-fokus på Grønland
Utanriksminister Espen Barth Eide held fredag fram med kritikken mot USAs visepresident JD Vance etter at han langa ut mot Danmark under besøket til Grønland i går.
Eide seier at Noreg, Danmark og fleire andre Nato-land «lenge har ønska å auke Nato sitt fokus» på Grønland og tryggleiken i Arktis.
– Det ein gjer som gode allierte er at vi snakkar om det i Nato, eventuelt i gode bilaterale samtalar mellom allierte, seier han til NRK.
– Ikkje ved å dra på eit uinvitert besøk til ein eigen base, stå der på kongeriket Danmark si jord, og skjelle ut den danske regjeringa.
Vance sa blant anna at dei danske styresmaktene «ikkje har gjort jobben sin» med å bevare tryggleiken til grønlendarane.