Digitaliseringsministeren rosar Tromsø kommune for å bruke KI
Torsdag i førre veke vart det oppdaga fleire feil i ein rapport om skulestruktur frå Tromsø kommune. Det vart vist til falske kjelder, og feilen skuldast at kommunen brukte KI.
– Eg tek ikkje lett på denne saka. Den er alvorleg. Men eg ynskjer å gje ros til Tromsø kommune for at ein tek i bruk kunstig intelligens, seier digitaliseringsminister Karianne Tung (Ap) til NRK.
Ho er tydeleg på at saka ikkje må bli eit døme på at ein ikkje skal ta i bruk kunstig intelligens, men at det må bli eit fokus på å ta i bruk kunstig intelligens på ein ordentleg, ansvarleg og sikker måte.