CBS News: Feildeportert mann er i live
Kilmar Abrego García, som i mars blei deportert frå USA til El Salvador, er i live og i sikkerheit. Det seier ei kjelde i det amerikanske utanriksdepartementet, ifylgje CBS News.
García, som har lovleg opphald i USA, blei pågripen i mars og deportert til eit berykta fengsel i El Salvador tre dagar seinare.
Styresmaktene har innrømma at utsendinga var ein feil. Ein samrøystes høgsterett har pålagt dei å legge til rette for å hente han heim.
Frå offisielt hald har det så langt ikkje kome lovnad om å hjelpe García tilbake til USA.