Trump seier det ikkje blir toll-unntak for smarttelefonar
Toll-unntaket på smarttelefonar, datamaskinar og anna elektronisk utstyr blir ikkje noko av. Det skriv president Donald Trump på sitt sosiale medium Truth Social.
Fredag melde fleire medium, mellom anna Bloomberg, at desse produkta frå Kina ville sleppe dei høge tollsatsane frå Trump. Det kunne ført til mindre prisauke i USA på elektronikk.
– Desse produkta er underlagt dei eksisterande fentanyl-tollsatsane på 20 prosent, og dei er berre flytta til ei anna «tollbøtte», skriv Trump søndag.
Presidenten har grunngjeve mellom anna tollen på varer frå Kina med at kinesiske styresmakter må gjere meir for å hindre at det narkotiske stoffet fentanyl finn vegen til USA.
– Vi ser på databrikker og heile forsyningskjeda for elektronikk i ein vurdering av nasjonal tryggleikstoll, skriv Trump.
Det er uklart kva tollsatsen faktisk blir, og kva tid han blir innført.