Vil byte namn på lagmannsretten
Regjeringa ynskjer at lagmannsretten skal byte namn til lagrett. Dei vil også at nemninga lagmann skal bli erstatta med lagrettsleiar eller nestleiar i lagretten. Dette skriv dei i ei pressemelding.
I 2019 bestemte Stortinget at alle verksemder i staten skulle ha kjønnsnøytrale titlar. Fylkesmann blei til statsforvaltar og rådmann blei til kommunedirektør.
– Sidan 70-talet har vi i Noreg snakka om korleis språket vårt kan medverke til å skape og forsterke stereotypiar og kjønnsrollemønster, mellom anna i arbeidslivet. Dei seinare åra har mange yrkestitlar blitt endra for å få til positiv endring for eit meir likestilt samfunn. No er det på tide at det same blir gjort i domstolane. Noreg går framover, seier justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap).
Dei skriv at sjølv om omgrepet lagmannsrett er forankra i historia, så speglar det ikkje den faktiske kjønnsrepresentasjonen blant lagdommarar.
Justis- og beredskapsdepartementet sender forslaget på høyring. Frist for innspel til høyringa er 25. august 2025.