E39 ved Lavik i Vestland er stengd: Ny vurdering kl. 20
E39 ved Avebukta aust for Lavik er stengd på grunn av steinsprang og fare for ras.
I første omgang er vegen stengd til klokka 17, melder Vegtrafikksentralen.
– Tidlegare på morgonen i dag gjekk eit steinsprang som vart rydda manuelt. No har det begynt å komme meir småstein ned i vegbana, så vegen er stengd på grunn av rasfare, seier vegoperatør Ronny Sleire.
Dei har folk i området som følger med på utviklinga.Tidligare i veka vart to store steinblogger sprengt i fjellsida i området.
Ingen andre vegar i fylket er førebels stengd på grunn av vêret.
Aktuelle vegar for omkøyring kan vere via fylkesveg 5597 Guddalen, eller fylkesveg 55 til Dragsvik og ferja Dragsvik-Vangsnes og riksveg 13 over Vikafjellet.
– Når ein europaveg blir stengd på Vestlandet, er vegane for omkøyring gjerne smale, dårlege og kronglete, seier Sleire.
For tungtrafikk kan det beste vere å ta riksveg 5 frå Skei via Sogndal og vidare på E16.
Det blir gjort ei ny vurdering av situasjonen klokka 20.