Norsk Tipping beklagar i SMS til kundane sine
Måndag morgon sende Norsk Tipping ut ein SMS til kundane sine etter tippeskandalen på fredag.– Vi beklagar på det sterkaste det som har skjedd, og på vegner av oss i Norsk Tipping ønsker eg å seie unnskyld til alle som blei råka av dette.
– Vi jobbar no intenst med å sørgje for at denne type feil ikkje skal skje igjen.
Meldinga var underteikna Vegar Strand, konstituert administrerande direktør i Norsk Tipping.
Det melder VG.