Minst 25 personar skal vere drepne i Gaza etter israelske angrep
Minst 25 personar er ifølge helsemyndigheitene i Gaza drepne i israelske angrep mot Gaza måndag. Det skjer etter at det israelske militæret (IDF) beordra masseevakueringar.
Palestinarar nord i Gaza melder om ei av dei verste nettene på fleire veker av israelske bombeangrep.
– Eksplosjonane stoppa aldri. Dei bomba skular og heim, seier Salah, ein 60 år gammal fembarnsfar i Gaza by.
Det melder NTB.
Minst fire skular skal ha blitt bomba etter at fleire hundre familiar som hadde søkt tilflukt der, blei beordra om å evakuere.