Samtykkelova trer i kraft i dag
No blir det rekna som valdtekt å ha seksuell omgang utan samtykke. Det nye kravet er at det må vere samtykke «gjennom ord eller handling».
– Lova bygger på ein «berre-ja-betyr-ja»-modell. Den markerer samfunnet si haldning og klare forventning om at all seksuell handling skal vere basert på frivilligheit.
Det sa saksordførar Ragnhild Male Hartviksen (Ap) til NTB då lova blei vedteke.
Strafferamma er foreslått set til fengsel i inntil seks år.