17 drepne i trafikken i juni
17 personar døde i trafikken den første sommarmånaden. Dødsulykker på MC og sykkel dominerte.
Over halvparten var ubeskytta trafikantar. Det vil seie at trafikanten var utan bilbelte, kollisjonspute eller ikkje hadde eit beskyttande karosseri rundt seg.
. − Syklistar, elsparkesyklistar og mc-førarar har høg risiko for å hamne i alvorlege trafikkulykker. Eg ber derfor alle bilistar om å vere merksame og vise omsyn til denne sårbare gruppa
Det seier Guro Ranes, avdelingsdirektør for trafikksikkerheit i Statens vegvesen i ei pressemelding.
Totalt har 50 døydd i trafikken første halvår. Ingen av dødsfalla var barn.