20-åring skaut brannmenn
Det var ein 20 år gamal mann som natt til måndag norsk tid skaut og drap to brannfolk i den amerikanske delstaten Idaho. Det opplyser lokale styresmakter på ein pressekonferanse tysdag.
Mannen starta ein skogbrann før han drap dei to i eit bakhaldsåtak.
Ifylgje den lokale sheriffen bad dei fyrst mannen om å flytte bilen sin. Mannen var ifylgje styresmaktene ein omstreifar som budde i området mesteparten av 2024.