Musk vil gjere alvor av nytt parti
Tesla-eigar Elon Musk seier han kjem til å starte eit nytt politisk parti, dersom president Trump si skattepakke blir vedtatt.
– Dersom denne vanvettige lova blir vedtatt, blir Amerika-partiet starta dagen etter. Landet vårt treng eit alternativ, skriv Musk på X.
Måndag kveld kalla han Republikanarane eitt «griseparti». Han har tidlegare hinta om stiftinga av eit nytt parti. Musk seier det skal vere ei motvekt til dei to dominerande partia Republikanarane og Demokratane.
I Washington D.C. forsøker republikanske senatorar måndag å få det kontroversielle lovframlegget gjennom Senatet. Framlegget legg opp til omfattande kutt i sosiale ordningar, og vil auke den amerikanske statsgjelda.