SAS vil kjøpe 55 nye fly
Flyselskapet SAS har signert ein kontrakt om å kjøpe 45 nye fly frå den brasilianske produsenten Embraer. I avtalen ligg også ein opsjon om å kjøpe ytterlagre 10 fly. Det skriv selkapet i ei pressemelding.
Kjøpet av dei 45 flya kostar SAS rundt 4 milliardar dollar, som tilsvarar omtrent 40 milliardar norske kroner.
Det vil vere ei stor oppgradering av selskapet sin flyflåte og er den største investeringa SAS har hatt i nye fly sidan 1996. Etter planen skal fyrste fly bli levert i 2027, ifølge Danmarks Radio
SAS opplyser at dette er fly dei skal bruke for å dekke fleire av områda selskapet ikkje er like til stades i etter at dei selde Widerøe for nokre år sidan, skriv DN.
SAS vil bruke dei nye flya på ruter nord i Noreg og Sverige, for å knyte desse regionane saman med andre SAS-ruter, ifølge avisa.