Politiet: Mann døydde etter å ha fått bil over seg
Ein mann i 80-åra frå Luster døydde etter at han fekk ein bil over seg, melder Vest politidistrikt.
Forbipasserande fann mannen livlaus delvis under køyretøyet i ettermiddag og varsla naudetatane. Mannen blei erklært død av lege kort tid seinare, ifølge Morten Rebnord, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Politiet trur ulykka skjedde i samband med at mannen skulle gå ut av bilen sin for å opne ein port.
Undersøkingar kan tyde på at køyretøyet begynte å rulle medan mannen var delvis ute av bilen. Deretter skal den ha rulla over mannen, slik at han døydde, ifølge politiet.
Dei pårørande er varsla.