EU håper på tollavtale med USA
EU-kommisjonen sin president Ursula von der Leyen sa torsdag at EU er «klar for ein avtale» med USA. Det melder nyheitsbyrået AFP.
EU-kommisjonen førebur seg på alle utfall, samtidig som forhandlingar pågår med USA før Trump sin tollpause går ut.
– Vi ønsker ei forhandla løysing, men samstundes førebur vi oss på at det kan ende utan ei tilfredsstillande løysing. I tilfelle det skjer, førebur vi mottiltak, seier Ursula von der Leyen på ein pressekonferanse i Aarhus i Danmark.
Dersom ein avtale ikkje er i hamn innan 9. juli, vil tollsatsane slå inn over den europeiske marknaden.