Siste konsert for Black Sabbath og Ozzy Osbourne
Nesten seks tiår etter at dei var med på å bana veg for tungrock vende Black Sabbath tilbake til heimbyen Birmingham i England for ein avskilskonsert for bandet og Ozzy Osbourne.
Rundt 40.000 tilskodarar fekk oppleva konserten, som blir Osbourne sin siste på grunn av ei sterkt skrantande helse.
Dei fire opphavlege medlemmene av heavy metal-bandet – Osbourne, Tony Iommi, Geezer Butler og Bill Ward – spelte saman for første gong på 20 år.
Overskotet frå konserten går til velgjerd. (NTB/NRK)