Tropisk storm nærmar seg Nord-Carolina
Den tropiske stormen Chantal er no rundt 14 mil sørvest for Wilmington, ein kystby i Nord-Carolina. Det melder Reuters, som siterer National Hurricane Center (NHC) – det amerikanske orkansenteret.
Stormen har vindkast opp mot 95 km/t. Han er venta å treffe land i løpet av dagen, og kraftige regnbyer har allereie nådd kysten. Det er venta mykje meir nedbør, og det kan føre til plutseleg flaum, særleg i lågtliggande område.
Folk i Sør- og Nord-Carolina vert bedne om å følgje med på vêrmeldingane og halde seg unna farlege område.
USA blei òg ramma av ein flaum i Texas på fredag, der minst 50 menneske omkom. Mange av dei fleire jenter på ein sommarleir.