Minst 12 drepne i israelske angrep på Gaza
Minst 12 personar blei drepne i israelske angrep på Gaza måndag, ifølgje det lokale sivilforsvaret. Det melder nyheitsbyrået AFP.
Seks av dei skal ha blitt drepne i eit luftangrep mot Al-Rimal-klinikken vest i Gaza by, der mange internt fordrivne hadde søkt tilflukt etter 21 månader med krig.
– Vi blei overraska av rakettar og eksplosjonar inne i bygget. Vi visste ikkje kvar vi skulle gå på grunn av støvet og øydeleggingane, fortel augevitnet Salman Qudum.
I sørlege delar av Gaza skal to personar ha blitt skotne og drepne av israelske styrkar medan dei venta på nødhjelp ved ein matutdelingspost.
Ifølgje FN har over 500 menneske blitt drepne medan dei har prøvd å få tak i mat frå slike hjelpesenter.
Helsemyndigheitene i Gaza er underlagt Hamas, og talet på drepne har ikkje blitt stadfesta av uavhengig kjelder.
Israelske styresmakter har førebels ikkje kommentert desse hendingane.