Frigjer namn etter dødsulykka på E16 ved Bolstad
Det var 21 år gamle Patryk R. Korzeniowski som døydde i trafikkulukka på E16 ved Bolstad laurdag 5. juli.
Det skriv politiet i ei pressemelding.
Korzeniowski var åleine i bilen då ulukka skjedde laurdag morgon. Han var busett på Voss.
Politiet skriv i pressemeldinga at dei granskar ulykka bredt og har bistand frå kriminalteknikarar og ulukkesgruppa til Statens vegvesen.
Det var ingen augevitne til ulukka.
– Det står fram som ei tragisk ulukke og vi vil prioritere etterforskinga for å finne så mange svar som mogeleg. Dei pårørande, familie og vener sit att i sorg og har mange spørsmål. Vi skal gjere vårt for å svare så godt det lar seg gjere i ein slik tragisk situasjon, skriv fungerande politistasjonssjef Bjørn Inge Aarsand ved Voss politistasjon i pressemeldinga.