Ingen omkomne etter nytt vulkanutbrot i Indonesia
Ein vulkan på det indonesiske fjellet Lewotobi Laki-laki fekk måndag nok eit utbrot. Denne gongen skaut han ei oskesky heile 18 kilometer opp i lufta.
Vulkanen ligg på øya Flores, og hadde eit utbrot for berre tre veker sidan. Det er ikkje meldt om omkomne, men rundt 4000 menneske har blitt evakuerte.
Ifølgje BBC vil minst 24 flygingar til og frå naboøya Bali bli kansellerte.
Indonesia ligg på Stillehavets «eldring», der tektoniske plater kolliderer. Det fører til hyppig vulkansk aktivitet og jordskjelv.