Aksjeras i Kongsberg Gruppen
Kongsberg Gruppen-aksjen stuper meir enn 11 prosent på Oslo Børs etter klokka 13.30.
Det betyr at aksjonærverdiar for over 35 milliardar kroner har forsvunne i selskapet.
Aksjeraset skjer trass i at selskapet onsdag på ny rapporterte om kraftig vekst og ei ordrebok i vekst i andre kvartal.
Årsaka kan vere at selskapet ikkje leverte like gode resultat som marknaden og fleire analytikarar hadde venta. For eksempel landa driftsresultatet (justert EBITDA) under det analytikarkorpset hadde venta.
– Ordreinngangen var også svakare enn venta. Vi vil truleg sette ned våre anslag til forventa inntekter i 2025, skriv analytikar Ole-Petter Sjøvold i Sparebank 1 Markets, i ei analyse sendt ut til sine kundar.
Der skriv han også at han trur aksjen vil gjere det dårlegare enn konkurrentane onsdag.
Dei siste åra har mange norske småspararar strøyma til Kongsberg-aksjen.