Lastebil køyrd seg fast under bru
Eit køyretøy har køyrd seg fast under brua på FV4600 Torvmyrveien på Randaberg.
Det er ikkje meldt om personskade men lastebilen som har køyrd inn i brua har store skader. Det er også skader på brua, men ikkje noko som påverkar bruken, melder politiet i ei oppdatering.
Vegen vert opna når arbeider med fjerning av lastebilen og ryddig av vegbana er ferdig.
Måndag ettermiddag denne veka skjedde det same med eit anna køyretøy.
Brua har ei høgderekning på 3.3 meter.