I dag opnar Trollstigen – har vore stengd sidan juni i fjor
I dag klokka 10.00 opnar den nasjonale turistvegen, Trollstigen. Det skjer etter fleire månader med sikringstiltak.
Ein av dei mest populære turistattraksjonane i landet har vore stengd sida juni i fjor på grunn av steinsprang, ras og rasfare. Til no har det berre vore mogleg å køyre opp til platået på Trollstigen frå Valldal i Fjord kommune.
Vegen skulle eigentleg opne måndag 14. juli, men opnar altså tidlegare enn planlagd.
– Entreprenørane har stått på, samt at det er mindre skade på vegen ein det vi først trudde. Alt har rett og slett gått etter planen, så vi er blitt ferdige før tida, seier Solgunn Langlo, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Ho vektlegg samtidig at det er behov for langsiktige sikringstiltak.