Libanon utelukkar normalisering med Israel
Libanons president Joseph Aoun avviser at normalisering av forholdet til Israel er aktuelt no, ifølgje nyheitsbyrået AFP.
. Auoun uttrykkjer likevel håp om fredelege relasjonar med nabolandet.
– Fred betyr fråvær av krig, og det er det som er viktig for oss no. Normalisering er ikkje ein del av Libanon sin utanrikspolitikk, sa han fredag.
Uttalen er den fyrste offisielle reaksjonen etter at Israels utanriksminister Gideon Saar førre veke sa at Israel ønskjer å normalisere forholdet til både Libanon og Syria.
Samstundes blei éin person drepen og fem såra i eit israelsk droneangrep sør i Libanon fredag, ifølgje libanesiske helsestyresmakter.