Bubil har køyrd av vegen i Geiranger
Politiet melder om at ein bubil har køyrd av vegen og ned ei skråning i Geiranger. Bubilen skal deretter ha treft ei hytte.
Det skal ha vore to personar i bubilen. Begge skal ifølgje politiet vere vakne og oppegåande.
Trafikken skal gå som normalt i området.
Politiet er framme på skaden, seier operasjonsleiar Leif Arne Mork kl. 20:15.
Politiet opplyser kl. 20:25 at dei to involverte i bubilen vert følgt opp av helsepersonell. Dei skal ikkje vere alvorleg skadd.
Det skal ha vore fire personar i hytta som vart treft av bubilen. Alle skal vere uskadd.
Bubilen har ifølge politiet velta og ligg på sida.