Arrestert etter valdshending i Kristiansund
Ei kvinne er pågripen etter ei valdshending i Kristiansund, melder politiet. Ei anna kvinne er skadd og blir køyrt til sjukehus.
– Vi har enno ikkje fått ei tilbakemelding på skadegraden, seier Per Åge Ferstad, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.
Politiet er i gang med å etterforske saka.
– Det er for tidleg å seie noko om bakgrunnen for valdshendinga. Vi skal gjennomføre nokre avhøyr av vitne og etter kvart snakke med dei involverte, fortel Ferstad.