Avvikla drift av institusjon etter drap
Det private omsorgsfirmaet Stendi har avvikla drifta av institusjonen i Tingvoll, i etterkant av at at ein som budde der drap mor si på permisjon.
Det har ikkje vore verken brukarar eller tilsette sidan 1. januar.
Statsforvaltaren har bedt om at rutinane for kartlegging av risiko ved avdelinga blir revidert, men dette er no utsett på ubestemt tid, skriv Stendi.
Verksemdleiar Ronni Arne Edvardsen skriv vidare at ei reaktivering av drifta vil innebere ein full gjennomgang av rutinar og praksis før ny oppstart.
Dei tilsette i Tingvoll frårådde at mannen skulle få permisjon, men dette blei overprøvd av helseføretaket, som hadde ansvaret for den medisinske oppfølginga.