Leitar etter fleire gjerningspersonar etter valdshending
Politiet leitar med fleire patruljar etter fleire gjerningspersonar etter at ein mann i 50-åra skal ha blitt slått og sparka på Aspøya i Ålesund.
Ifølgje politiet blør mannen frå hovudet og er no tatt med til sjukehus.
Mannen skal ha forklart at gjerningspersonane gjekk til angrep for å ta ei klokka frå han.
Operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes vil ikkje opplyse om alder på gjerningspersonane dei leitar etter.