Nytt ras og skodde i Trollstigen
Både skodde og eit nytt ras natt til fredag gjer leiteaksjonen etter ein utanlandsk mann i 60-åra ved Trollstigen utfordrande.
Det er uvisst kvar raset har gått, og leitemannskapa må difor vere varsomme, men har fått hjelp av eit helikopter.
Leiteaksjonen starta i går, etter at mannen ikkje kom tilbake frå turmålet Stabbeskaret.
Operasjonsleiar Erik Steen Mikalsen i politiet seier 6-8 personar deltar i leitinga på bakkenivå.