Avsluttar redningsaksjon i Loelva etter observasjon av tom kajakk
Ein større redningsaksjon vart sett i verk i Loelva i Stryn søndag, etter observasjon av ein tom kajakk og ei åre på veg nedover mot Nordfjorden.
Det var ein raud, oppblåsbar kajakk, med plass til to personar, som vart observert.
Meldinga kom klokka 11.27.
Ingen var meldt sakna eller observert i naud, og politiet bad dei som eventuelt visste noko om kajakken om å ta kontakt straks.
Loelva er ei tre kilometer lang elv som renn frå det kjende Lovatnet og ned i fjorden i turistbygda Loen.
– Me er på staden med ein god del ressursar. Førebels så behandlar me dette som ein redningsaksjon etter folk i nød inntil vidare, sa operasjonsleiar Stein Rune Øyjordsbakken Halleraker i Vest politidistrikt klokka 12.30.
Rett før klokka 15 vart aksjonen avslutta, utan funn.
Både politi, brannvesen og frivillige var involvert.
– Ved hjelp av etterretning og vitneopplysingar tyder alt på at ingen har vore i naud. Redningsmannskapa har søkt langs i og langs elva, utan funn av personar. Det er heller ingen som har kontakt naudetatane om sakna eller personar i naud, skriv Halleraker til pressen klokka 14.57.