Politiet undersøker ulykkesstaden i Fjaler
Politiet skal i dag gjere undersøkingar på ulykkesstaden i Fjaler, der ein mann i 60-åra omkom og ein mann i 80-åra vart kritisk skadd i går.
Ulykkesgruppa til Statens vegvesen assisterer i etterforskinga av ulykkesstaden.
I tillegg til åstadundersøkingar vil politiet snakke med vitne i løpet av dagen, og omkomne skal obduserast som ledd i etterforskinga, seier tenestadsleiar Åge Løseth ved Fjaler politistasjon.
Det er framleis for tidleg å seie kva som var årsaka til ulykka, seier Løseth.
– Det me ser er at syklistane har kome ned ein relativt lang og bratt bakke der det var mogleg å oppnå høg fart. Av ein grunn, som me ikkje kan forklare, har det skjedd ein samanstøyt med autovernet. Syklistane har då hamna over autovernet, seier han.
Mannen i 80-åra ligg framleis kritisk skadd på Haukeland sjukehus, seier Løseth.