Hentar ut familie fast i fjellet i Stryn
Ein utanlandsk familie med to vaksne og to tenåringar har gått seg fast i fjellet i Stryn, melder Vest politidistrikt.
Ingen er skadd og posisjonen deira er kjent.
– Opplyst å vere godt utstyrt, og bra batterikapasitet på mobil, melder operasjonsleiar Frode Kolltveit.
Det er opphaldsver og lite vind på staden.
– Det lokale Raudekrossen er orientert for å gå opp til dei. Ytterlegare bistand blir vurdert fortløpande.
Klokka 19.53 melder politiet at Raudekrossen og lokale jegarar tilrår å sende redningshelikopter på grunn av lang veg og bratt terreng. Hovudredningssentralen sender avgarde Florø redningshelikopter.
Helikopteret er på staden klokka 20.22.