Gaza: Minst 37 drepne medan dei venta på nødhjelp
Minst 37 palestinarar vart drepne onsdag medan dei venta på mat ved Zikim-krysset på Gazastripa, ifølgje Shifa-sjukehuset i Gaza by, som tok imot dei omkomne.
Dei drepne og såra var del av ei folkemengd som hadde samla seg ved grenseovergangen, som er hovudinngangen for nødhjelp til Nord-Gaza.
Det er det israelske militæret (IDF) som kontrollerer overgangen, men dei har førebels har ikkje kommentert hendinga.
– Dei vart skotne medan dei venta på mat, seier sjukehuset til nyheitsbyrået AP.