Bustadbrann i Haugesund – to personar til sjukehus
Brannen har starta å blusse opp att etter at politiet melde om kontrol på brannen i ein privat bustad på Rossabø i Haugesund.
Familien som bur i huset er ute, men to personar har pusta inn røyk og blir sendt til sjukehuset. Resten av familien er per no uskadd melder politiet. Det vart meldt om full fyr og flammar på staden, men då politiet kom fram er det berre mykje røyk å sjå.
Hus og bygg i nærleiken bør late att vindauge, oppfordrar politiet.