Frp skuffa over regjeringas tollforhandlingar
I natt kom Donald Trump med nye tollsatsar. For Noreg betyr det at norske varer i USA blir 15 prosent dyrare enn før.
Hans Andreas Limi, finanspolitisk talsperson og stortingsrepresentant for Frp, meiner regjeringa burde ha forhandla fram ei avtale lik Storbritannia.
– Det som er litt skuffande og som eg er overraska over, sjølv med atterhaldet om at forhandlingane held fram, er at Noreg ikkje har fått på plass ein eigen avtale.
Limi meiner Noreg burde hatt same avtale som Storbritannia – med ein tollsats på ti prosent.
– No er vi i ein situasjon der vi må forhalde oss til kva Trump ønskjer å gjennomføre.
Næringsminister Cecilie Myrseth (AP) meiner at Frp sine utsegn er naive då forhandlingane med USA er ufortsigbare.