Søk etter amerikansk turist på Folgefonna
Redningsmannskap frå Røde Kors har natt til tysdag søkt etter ein amerikansk turist i 30-åra som er sakna på Folgefonna. Dei avslutta søket for natta rundt klokka 01.30. Ifølgje politiet blir det klokka 08 tatt ei ny vurdering på korleis søket skal fortsetja.
Det er dårleg vêr i området, og det gjer det vanskeleg å bruka helikopter. Eit redningshelikopter søkte måndag kveld, men utan resultat. Klokka 22.55 måndag melde politiet at helikopteret returnerer til Sola.
– Det er eit stort område, og det er vanskeleg å vita kor ein skal setta inn søk. Det er ikkje mogleg å setta inn finsøk enno, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.
Mannen blei meld sakna etter at han ikkje møtte opp til flyet han skulle ta frå Bergen måndag. Han er på ferie med familien, og starta ein fjelltur åleine torsdag 31. juli i Ullensvang. Han blei sist observert same dag.