USA: Skal krevje enormt depositum for enkelte visum
Visumsøkarar frå enkelte land kan måtte betale 15.000 dollar, eller rundt 150.000 kroner, for å få turistvisum for innreise til USA.
Det annonserer det amerikanske utanriksdepartementet.
Depositumet er del av president Trump sine tiltak for å hindre ulovleg innvandring, og er del av eit pilotprosjekt som startar i august.
Om dei reisande følg vilkåra i visumet får dei pengane tilbake, skriv NTB.
Programmet gjeld berre personar frå land med eit høgt tal på folk som blir i USA lengre enn visumet deira tillèt.