Mann i 20-åra no sikta for fem brannar
Siktinga mot mannen i 20-åra som vart pågripen etter fleire brannar på Stord er utvida.
Mannen var tysdag sikta for to av dei mange brannane som har vore på Stord dei siste to vekene.
I dag, same dag som mannen blir framstilt for varetektsfengsling, opplyser påtaleansvarleg Sofie Anine Tesdal Röer i Sør-Vest politidistrikt at mannen er sikta for til saman fem brannar.
I tillegg er han sikta for trugslar mot offentleg tenestemann og tjuveri.
Påtale vil i dag leggje ned påstand om fire vekers varetektsfengsling.
Mannens forsvarar Odd Arild Helland har tidlegare sagt til NRK at mannen kjem til å motsetje seg varetektsfengsling, då han meiner han ikkje har hatt noko med brannane å gjere.