Medium: Tal frå Israel viser at 83 prosent av dei drepne i Gaza er sivile
The Guardian har samarbiedd med israelske gravejournalistar i nettavisene +972 og Local Call om å få tilgang til databasen til den israelske militære etterretningstenesta.
Ifølge Israels eigne tal er 8900 soldatar frå Hamas og Islamsk heilag krig drepne i Gaza fram til 19. mai i år.
Ifølge tala til palestinske helsestyresmakter var 53.000 palestinarar drepne i israelske angrep på det tidspunktet, men dei skil ikkje mellom stridande og sivile.
Men dersom ein legg tala frå den israelske databasen til grunn, er 83 prosent av dei drepne sivile.
Israelske etterretningskjelder seier til +972 at databasen er den mest truverdige kjelda til opplysningar om militære tap på palestinsk side.
Den israelske hæren seier til The Guardian at tala ikkje er korrekte, men seier ikkje noko om kva tal dei meiner er feil.
Israel har tidlegare trekt tala frå dei palestinske styresmaktene i tvil, medan FN og hjelpeorganisasjonar har festa lit til desse tala.