PST og Oslo-politiet skal gjennomgå om dei kunne gjort noko annleis
PST har hatt kjennskap til den sikta 18 år gamle mannen sidan februar 2024. Mannen har hatt høgreekstreme haldningar, ifølge avdelingsdirektør for kontraterror i PST Lars Lilleby.
– I PST gjer vi no vurderingar og gjennomgår historikken i denne saka. Når ei så alvorleg hendig inntreff er det naturleg at PST går tilbake og ser om noko kunne vore gjort annleis, seier Lilleby.
Også Oslo Politidistrikt har hatt kjennskap til den sikta mannen. I midten mars fekk politiet informasjon om mannen, situasjonen blei ikkje vurdert som akutt.
– Å føresjå og førebyggje framtidige valdshandlingar basert på ytringar og haldningar er noko av det vanskelegaste politiet og PST gjer, seier politimeister Ida Melbo Øystese.
– Sjølv om vi har samarbeida godt, jobba med ulike tiltak og følgt våre rutinar, så har vi ikkje lykkast når ei ung kvinne på tragisk vis mister livet, legg Øystese til.