WHO-sjef krev stans i angrep mot helsevesen i Gaza
Generaldirektøren i WHO, Tedros Adhanom Ghebreyesus, krev at Israel stansar angrep mot helsevesenet i Gaza, melde nyheitsbyrået Reuters.
Minst 20 personar skal vere drepen etter eit angrep mot eit sjukehus i Gaza.
– Medan folk i Gaza svelt, blir deira allereie avgrensa tilgang til helsehjelp ytterlegare svekka av gjentatte angrep, skriv Tedros på X.
Leiar i UNRWA, Philippe Lazzarini, uttrykker sterk kritikk mot det internasjonale samfunnet si manglande respons, melder AFP.
– Dette angrepet har stilna dei siste stemmene som rapporterte om barn som døyr stille midt i hungersnød. Verdas likegyldigheit og passivitet er sjokkerande, skriv Lazzarini på X.