FN: Journalistdrapa i Gaza «burde sjokkere verda»
Talsperson for FN sitt menneskerettskontor, Thameen Al-Kheetan, kritiserer drap på journalistar i Gaza, melder NTB.
– Vi har sett og dokumentert mange uakseptable angrep på journalistar. Desse journalistane er auga og øyra til verda, dei må bli beskytta, seier han på X.
I Gaza har minst 247 palestinske journalistar blitt drepne sidan 7. oktober 2023. Måndag 25. august blei fem journalistar drepe i eit israelsk angrep mot Nasser-sjukehuset.
– Drapa på journalistane burde sjokkere verda, ikkje til stille, men til handling, legg Al-Kheetan til.