Ber tingretten om å forby Nordic Mining dumping i Førdefjorden
Naturvernforbundet og Natur og Ungdom ber tingretten om å forby gruveselskapet Nordic Mining å dumpe avfall i Førdefjorden mens rettsprosessane held på.
Kravet kjem to veker etter at Borgarting lagmannsrett slo fast at dumping av gruveavfall i Førdefjorden er ulovleg.
– No som vi har vunne i lagmannsretten, må vi for ein kvar pris unngå ny Fosen-sak, både av omsyn til livet i fjorden og tillit til rettsstaten. Dommar skal følgjast, seier leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet i ei pressemelding.
Organisasjonen er skuffa over at regjeringa ikkje har trekt tilbake utsleppsløyvet etter dommen, og fryktar at Nordic Mining vil auke produksjonen og deponeringa av gruveavfall.
– Men sidan regjeringa ennå ikkje har følgt opp, ser vi inga anna moglegheit enn å gå til retten, seier leiar Sigrid Hoddevik Losnegård i Natur og Ungdom.
Staten har frist til 15. september med å avgjere om dei vil anke saka.