Domstol avviser Trumps søksmål mot New York Times
Ein føderal dommar i Florida har avvist Donald Trumps søksmål mot avisa The New York Times, melder fleire amerikanske medium.
Den amerikanske presidenten kravde 15 milliardar dollar i erstatning for ærekrenking.
Dommaren kalla søksmålet for «openbert upassande og uakseptabelt» og kritiserte både innhaldet og forma på det 85 sider lange dokumentet. Han meinte det var fullt av politisk retorikk og personlege utfall.
Trump får likevel høve til å sende inn eit nytt og kortare søksmål innan 28 dagar, men må halde seg under 40 sider.